- Eg er inspirert av livets bølgjedaler. 

Tankefull både før og no. Uhelbredelig melankoliker…
Tankefull både før og no. Uhelbredelig melankoliker…

Her er eg på veg til butikken på Hellevika for å handle. Det er mor mi som køyrer båten. Den gongen var det ikkje vanleg med redningsvest. Eg var ofte tankefull den gongen som den dag i dag. 😊😊
Grethe Kjøsnes på handletur på 70-talet. (Copyright).
Grethe Kjøsnes på handletur på 70-talet. (Copyright).

HEI ALLE SAMAN!

 Eg har bestemt meg for å fortelje litt om min oppvekst. 

Takka vere bakgrunnen min, har eg i dag blitt ein kunstner og mor med ein salig blanding av kreativitet og livets skule.
Ja tenk at eg faktisk har levd i såpass mange år at livet er blitt ei feite bok med mange kapitler - og til tider vonde som ein mørke bibel.😂😂

Heilt sidan eg var 18 år drøymde eg om å jobbe som kunstner og forfatter. Men å velge den vegen var ikkje noko eg vart oppmuntra til. Eg vaks opp på ein liten gard ved sjøen på vestlandet. Langt ute på bygda. Eg gjekk aldri i barnehage for det fantes ikkje der
på den tida. Skulle me på butikken måtte me ta sjøvegen til Hellevika der butikken låg nede på kaia. eg hugser godt episoder
frå då eg var ganske liten og stod med mor mi ved kjøpmannsdisken med desse gamle butikkvektene. Eg såg gamle menn med eller uten brylkrem, som hosta og harka og spytta skrå i spyttebaken borte på enden av golvet.. Ja det var tider det!😂😂
Men framme på disken låg det ei skål med sweetmint. Min favoritt tyggis. Ja då var vel eg «happy» nokre timer.   
 
Eg var flink til å finne på aktiviteter om eg skulle kjede meg ein sjeldan gong. Eg likte å studere det som rørte seg i naturen og eg leika med padder, maur og humler. laga mat til dei og la paddene i dukkesenga inne på soverommet.. ja eg var kreative tidleg. Eg likte å finne på ting heilt av meg sjøl!
Men som åtte-åring vart eg skilsmissebarn. Då var det bestemor som fekk hjelpe far min med meg og bror min på seks. Same året drukna morfar i Sørdalsvatnet. Eg gløyme aldri då far min prøvde å stoppe han. Etterpå grein bestemor mi for då var det for seint.. Dei fekk henta morfar opp frå Sørdalsvatnet og køyrde han på traktorhengeren inn på låven. Eg hadde ei stille stund innafor låveveggen der med morfar, som var kamuflert av eit stort pledd. Eg stod og grubla gøymt bak låvedøra… skal, skal ikkje.. heldighvis såg eg han ikkje…. 
      
To år seinere mista me alt me eigde i husbrann.
på bursdagen til min bestefar. Det var jo traumatisk men følelser var eit ikkje tema på den tid. Me hadde det bra likevel og me såg livet frå den lyse sida.  

 Ja eg kunne fortalt så mykje, mykje
meir om fortida. Eg hugser detaljene som om det skjedde i går. 
Men iallefall så vart det tøffe tider på
ungdomskulen og eg bestemte meg for at eg aldri ville kome heimatt til denne kommunen. 
Men etter som åra fyke så skjer det så mykje i livet på godt og vondt. Uten at her skal gå i detaljer…
Men livet vart ikkje alltid så lett.  Selvfølelsen var på bånn. Eg fekk svi for dette i åresvis framover. Eg gjorde mange dumme valg og måtte ta straffen for det. 
Men eg klarte å kjempe meg videre og velge vekk det som prøvde å bryte meg ned. Eg var som løvetannen. Eg kom alltid opp
igjen. Det var det ei helsesøster som sa til meg då eg var i tjue-åra.
Det vart kunstnerisk utdanning med med oppstart ved heimeyrkesskulen
på Jølster og etterkvart to år på bileskunstner/kunsthåndverkerutdanninga i Verdal. Ei spesielt god tid.
Så kom eg inn på den to-årige journalistutdanninga i Bodø. Etterpå tok eg eit årsdtudium i kulturkunnskap. Eg fekk min førstefødte på vårtparten i det studiet. Han vart til slutt født ved keisersnitt. Tre dager gammel holdt han på å dø. Eg hoppa som ein katt ut frå sjukesenga og tok heisen ned til
barneavdelinga for å vere sikker på at eg rakl å ta farvel med han. Der låg han og kjempet for livet og det var eit sjokkerende syn. Etter at dei stabiliserte han, vart eg og sonen min frakta med luftambulanse til Fornebu og til Rikshospitalet. Det var ei tøffe tid
med masse tårer. Eg trudde det vart begravelse men eg klarte til slutt å finne eit lite lyspunkt som haldt meg oppe. Takka vere samtaler med sjukepleieren. Så bar turen videre til Sveits og etter kvart tre opne hjerte operasjoner på 1 1/2 år. Det var mykje angst, smerte og lidelse på korte tid. Men eg lærte meg å takle det på min måte. Eg tok alltid sorgene på forskudd slik at eg ikkje fekk sjokk om alt gjekk til helvete.
Eg lærte meg å leve for eit halvt år om gongen.

 Me flytta til mor mi i knarvik og eg valgte å vere åleinemor for sonen min. Det var tøft
men det var det rette og trygge valget. No gjekk åra som åleinemor. Travle dager med all fokus på hjertebarnet mitt med nødvendig helse oppfølging.
Det var travle men lærerike år som eg kunne fortalt så mykje meir om. Men det får bli ei anna historie.
Me flytta til Bømlo det året han fylte fire.
Der budde me i 18 år samanhengande. På godt og vondt. Eg fekk tre barn til i den perioden. Ein gut, ei jente. Eg fekk helseproblemer og vart mykje svinmel og trøtt. Eg gjekk inn i eit nytt forhold og fekk  ein gut til som 42-åring.
Det begynte å kome signaler om at sonen min ikkje passa inn i barnehagen sin «runde sirkel» av «normal» åtferd. Eg såg ikkje anna enn ein vanlege gut i heimen.Me er jo alle unike individer.    
Ja -og då utredningane starta, vart det endå eit samlivsbrot. 
Eg vart igjen åleinemor. Samtidig som eg jobba som journalist og biletkunstner. Ja ein periode hadde eg tre ulike jobber.
Mykje trøtte var eg stadig vekk… Så vart det til slutt sånn at eg eg flytta frå Bømlo. Men alle dei kampene eg har hatt dei går eg ikkje innpå her! Dei får heller kome i ei bok for seg sjølv! 
No bur me i fjaler. kommunen som eg hadde lovt meg sjøl at eg aldri skulle flytte tebake til! Her har me det trygt og godt. Me bur på eit ganmalt lite gårdsbruk ved sjøen. Her føler me naturkreftene på nært hald på haust og vinter. I fjor dyrka me poteter og elles har me rips og stikkelsbær. To flasker likør står oppe på skapet. Eg kan snart begynne å kallle dei for «årgangslikør». 😊😂
I år vil sonen min på 14 dyrke gulrøtter  også seie han. Så skal me ut å fiske etter kvart. 
Han fekk diagnosene barneautisme med ADHD før me forlot Bømlo første gongen i 2018….

 Resten av histiorien sparer eg til manuset som eg jobber med, som har den foreløpige arbeidstittelen «Skule på blå resept».  


Ja då har eg delt eit solid stykke av
min bakgrunn. Skulle eg utbrodert alt, hadde boka blitt ganske tjukk….😊😊😂😂 


Men i dag jobber eg kun som åleinemor og biletkunstner og litt som forfatter sånn innimellom. (ObS! Eg har ikkje tatt stavekontroll på denne teksten! DET får heller vente til boka blir klar. Dette er kun ein ufornell personlig liten blogg. Så eg er ikkje open for
kritikk… take it or leave it. kjenner du feilene mine koke inni deg så anbefaler eg heller at du lukker denne sida og ikkje ser deg tilbake! 😊😊😊😊 


Min kunstneriske credo:

«Eg formidler ulike varianter av livets lys -og skuggesider med evig optimisme og håp som bakteppe. Gjennom dei abstrakte maleriene mine ynskjer eg å formidle prosessene i livet. På vegen mot noko større både i og utanfor oss sjølve. Noko alment og filosofisk.»

Vegane i livet er vanskelige. Det er mange «skugger i kulissene». Samstundes ser eg mykje lys og håp gjennom maleprosessene. Livets kamper er krevjande men har me noko valg? Det gjeld å finna balansen. Enten må me leve eller dø.» «Mine abstrakte malerier viser meg veg og dei fortel meg om livets retninger. Maleriene har mange gonger gitt meg aha-opplevingar. Å male mens eg lytter til musikk er god terapi for meg.».
Eg er kolorist og fargene preges av kjensler og symboler- ein prosess på veg mot harmoni. Eg bruker ofte symboler frå det maritime og frå naturen elles rundt meg og eg blir også inspirert av mennesker eg møter. Eg opplever ofte at andre kjenner seg igjen i innhald i bildene mine og at eg har formidla noko som treff andre i hjartet».

MALER MED ORD


Eg formidler det same i mine dikt – der eg maler med ord.

Hittil har eg gitt ut to diktbøker. Begge bøkene er utgitt på Lyrikkforlaget og eg har brukt ti av mine malerier i l kvar bok inkludert coveret.» Det er ofte tilfeldig at mine bilder og ord finne saman. Dei står og sterkt kvar seg der det er eit mykjevidere rom for kjensler og tolkning.»«Produksjonen min ber preg av mine tøffe kamper i livet og min evne til aldri å gje opp og eg blir veldig glad når eg kan formidle dette i kunsten min til andre. «

CV:

Eg er utdannet innen både kunst og journalistikk.Eg har tidligere jobbet fast som fotograferende allround journalist på Bømlo i Bømlo-Nytt (2000-2018), og møtt mange spennende mennesker og samlet mykje inspirasjon frå min kvardag både med folk og vakker natur mens eg budde der. Livet som firebarnsmor har også vore ei kjelde til mykje inspirasjon.

No bur eg i Fjaler og blir inspirert av livet tett på naturen med fjell, fjorder og sjø her.

Eg held av og til male -og teiknekurs med plass til seks elever i mitt atelier her i ytre Fjaler. Dette er også veldig kjekt og inspirerende for meg.
 

2020-2021: Høgskulen på Vestlandet.( praktisk pedagogikk for yrkesfag i media og informasjonsteknologi). godkjent praksis. men ikkje fullført. Pga. jobber no som kunstner på heiltid). Eg har valgt å holde mine private male kurs.

Frå Bømlo år 2007-2016: Diverse malekurs i moderne maleteknikker v/Ellen Hegg

1992-1996: Høgskulen I Bodø (Nord Universitetet). (Historie årsstudium, to-årig journalistutdanning, kulturkunnskap årsstudium).
1988-90: To-åriig biledkunstner/kunsthandtverkerutdanning v/Olaf Andersen v/Verdal videregående skule.

1985-86: Teikning,form og farge 1 år. v/Kåre Ragnar Lien. Jølster videregående skule.(tidligere heimeyrkesskulen). 

Utstillinger:

 

2023

1.11-16.12.: Utstilling på Grethes galleri, ved kjøpesenteret Alti Førde i Sunnfjord. 

18-22.10: Høstutstilling på Ås v/Northart.Tittel «Fargerik».

2023: 22.07. Internasjonal digital utstilling i Roma.


Tidligere utsfillinger:

2022:
Oktober: Høstutstillingen på Ås «Lykke» v/Northart.


November: Den 4. internasjonale biennalen i moderne kunst ved MEAM ( Europeiske Museum for Moderne Kunst i Barcelona).


Mars: Førdehuset. Separatutstilling.

2021:

August: Hardanger kulturgalleri. separatutstilling m/Konsert av Heidi Lambach og Roger Stangervåg.

Juli: Utstilling m/bokbad på
Schulerudstuene i Holmsbu.


Februar: :MADS gallery: «Philo Poem».

2020:
Nyopnlng utstilling på heimegalleri på Bømlo m/boklansering «Havna».

2019:
Oktober: Separatutstilling «Utsikt» v/Jølstramuseet.

2018:
November: Utstilling/Nyopning/boklansering av eiga bok «Utsikt» i Grethes galleri i Solvika, Fjaler kommune, Sogn og fjordane.

Debuterte med diktboka «Utsikt» med eigne tekstar og eigne malerier som illustrasjoner v/Lyrikkforlaget/Forlagshuset i Sandnes.

14-16.september: Separatutstilling v/Galleri Stylo i Hvervenbukta.

2017:
Desember: Utstilling v/ Bømlo Hotell, Rubbestadneset.

«Løvinna for ein kveld». Gåve til kunstauksjon til inntekt for vanskeligstilte born og unge, Lions club Stord.

Karmøyutstillinga V/Karmøy Lions club.

2016: 19 nov. Ustillingsopning/Nyopning i Grethes galleri, Gåslandsneset, Bømlo.

Oktober: Haustutstillinga v/Galleri Oddvar Olsen & Co i Drammen.

Løvinna for ein kveld, Stord Lions club m/maleri i gåve til kunstauksjon til inntekt for «Aktiv ungdom og draumeferie 2017»)

29-30. Oktober: Karmøyutstillinga v/ Karmøy Lions club.

25.juni-ca. 26. august: Sommerutstillinga i Moster amfi. .

2015: Sommerutstillinga i Skjerjehamn.

Utstilling på «Kunst elva rundt» i Drammen.

2014-2015: Nyopning med fleire utstillinger v/Grethes galleri & atelier i nye lokaler på Bømlo, Bremnes.

2014: Utstilling ved Lavik Fjordhotell i Ytre Sogn.

2013: Separatutstilling «Kvile» i Grethes galleri, Gåslandsneset.

2013: kollektivutstilling v/Stord Kunstlag.

2012: Har starta Grethes galleri og atelièr i eigen bolig på Bømlo.

2011: Gjesteutstiller på Ravnanger Ungdomslag sin årlege kulturmønstring i Askøy kommune.

Utstilling i Allmuen Kafè og Interiør i Dale, Fjaler kommune.

Utstilling i Knarvik senter, Lindås kommune i Nord-Hordaland.

Utstilling i Næringskafèen på Hardbakke i Solund kommune, Ytre Sogn.

2010: Utstilling under Skifjorddagane, Hyllestad kommune i Ytre Sogn.

Deltok som hovudutstiller under kunst –og kulturcafèen til Skifjord Grendalag, Hyllestad kommune i Ytre Sogn.

2009: Utstiller på dei årlege Kanaldagane i tilknytning til Kystsogevekene.

2008: Første separatutstilling på Bømlo Folkebibliotek, Bømlo kommune.

2007: Kollektivutstilling Bømlo

INNKJØPT AV:

Bremnes Seashore as 2007 og 2008, Askøy kommune , Bømlo kommune og Soltun Helseklinik, bank i Verdal, Nord-Trøndelag på åtti-talet og private kunstsamlere rundt om i Norge.

MEDIA OMTALE;

2021: Firda
2021: Bømlo~Nytt
2020: Bømlo-Nytt
2019: NRK Sogn & Fjordane, God Ettermiddag (3.mars)
2018: Avisa Bømlo-Nytt.
Avisa Sunnhordland 2018.

2017: Avisa Bømlo-Nytt.

2013: Vekas kulturprofil I avisa Sunnhordland.

2015: Vekas kulturprofil i avisa Sunnhordland.

2016: Kultursida i Haugesunds avis.

2016: Stort portrett i sommer avisa-bilaget til Bømlo-Nytt.

2011: Bladet Firda

2011: Avisa Nordhordland

2007:Avisa Bømlo-Nytt

Kontaktinfo:

Sosiale media:
Facebook: Grethe Kjøsnes Art

Grethe Kjøsnes forfatter

Instagram :


Kunstner priser:

2023: Den internasjonale Michelangelo prisen i Italia.
2022: Barcelona prisen ved den 4. biennalen i MEAM.

2022: Caravaggio prisen.

2021: Ambassadeur of art.

2020: Top 60 master i moderne kunst.



 

Kunstner priser

Michelangelo prisen juni 2023 mottatt frå Roma. Tusen takk til kunst kuratorene Salvatore Russo og Fransesco Saverio Russo.  
Top 60 master in modern art 2020. 
Top 60 master i moderne kunst 2020. Arttour International v/art curator Viviano Puello.
Top 60 master i moderne kunst 2020. Arttour International v/art curator Viviano Puello.

Bildene  mine på trykk i internasjonale kunstmagasin saman med mange andre dyktige kunstnere frå heile verden. 


International prize Barcelona. MEAM (Museu Europeu de d’Art Modern) november 2022. Her er nokre bilder frå den 4. biennalen i moderne internasjonal kunst og litt frå prisutdelingen. 
Tusen takk til kunst kuratorene Salvatore og Fransesco Russo og dei andre i arrangementskomiteen.  


Her mottar eg Barcelona prisen ved MEAM- Barcelona.
Her mottar eg Barcelona prisen ved MEAM- Barcelona.

Caravaggio- prisen frå Italia for «Yggdrasilskvinnen». 

Caravaggio prisen 2022
Caravaggio prisen 2022

Ambassadeur of art 2021


Ambassadeur of art 2021
Ambassadeur of art 2021
Her er ulike internasjonale kunstmagagasin som kunsten min er på trykk i saman med mange andre dyktige og prisvinnende kunstnere frå mange forskjellige land.